Du er her: Jærmuseet  >  Vitengarden  >  Undervisningsti...  >  Ungdomstrinnet

Ungdomstrinnet

Me startar opp frå veke 3 og held på året ut. Planen er i utgangspunktet eit forslag til skulane, og ein arbeidsplan for museet. Det er ingen ting i vegen for at skulane sjølve kan ta initiativ til andre undervisingsopplegg. Me vil då i samråd med klasselærar laga tilpassa undervising.

Vitensenterutstillingane

Fokus på ulike tema i naturfag og matematikk. Regional kulturhistorie er integrert slik at heilskapen kjem fram i formidlinga. Me legg vekt på å trekka linjer frå forhistoriske tid fram til vår samtid, og å stilla spørsmål om framtida.

Læreplan

I samarbeid med skular på Nærbø har me evaluert aktivitetsplanen mot læreplanen og funne passande klassetrinn for aktivitetane. Nokre aktivitetar passar også for fleire klassetrinn

Gjennomføring av undervisinga

I dei fleste av tilboda blir aktivitetar lagt til både vitensenterutstillingane, studiemagasinet,”Læra med å gjera” på Kvia 4H-gard og uteområde med Kvia- og Hanabergmarka. På denne måten prøver ein å få fram pedagogiske kvalitetar som omfattar både oppleving, teori og praktiske øvingar. Tidsbruken for dei enkelte undervisingsopplegga blir gjort etter avtale.

EIN MÅ TA ATTERHALD OM ENDRINGAR I PROGRAMMET

Hugs arbeidstøy/regntøy!

AKTIVITETSPLAN FOR VITENGARDEN:

Byggeskikk og arkitektur

Veke 4 - 39

Teknologi og design - Bilverkstad

Veke 4 - 40

Teknologi og design - Musikkverkstad

Veke 4 - 40

Teknologi og design - Flygeverkstad

Veke 4 - 40

2. Verdskrig og rasisme

Veke 4 - 17

Kokkar i friluft

Veke 5 - 16

Mat og helse

Veke 8 - 47

 

Biologisk mangfald:
Søppel- og gjødselhandtering.
Bli med og bygg opp ein varmkompost.

Veke 11 - 46

Mysterier i myra

Veke 13 - 40

Biene sin plass i økosystemet

Veke 14 - 44

Biologisk mangfald:

Myr og vatn, ulike økosystem og næringskjeder

Veke 16 - 39

Kystlynghei

Veke 16 - 39

Orientering

Veke 16 - 44

Geologi, jordartar og jordsmonn

Veke 16 - 46

 

Geologi, stein og mineralar

Boring og kiling av stein

Veke 16 - 46

Praktisk matematikk

Veke 36 - 44

Koordinatsystemet og rutenettet

Veke 36 - 44

Kart, kompass og GPS

Veke 36 - 44

 

Vind og energi

Veke 37 - 47

 

Fiske i Limavatnet Laga bål og steika/koka mat ute

Veke 39

Aktuelt
Husflidens dag på Vitengarden sundag 12. september

Jæren Husflidslag og Jærmuseet Vitengarden inviterer store og små til Husflidens dag, sundag 12. september. Norges Husflidslag feirer 100-årsjubileum og Jæren Husflidslag vert 25 år i år. Kom og ver med på feiringa!

Eksos og motorbrøl

Sjå bilete frå teknikkens dag på Vitengarden.

Kem gidde vera Afrika?

I slutten av september opnar utstillinga "Ei verd på spel" på Vitengarden, eit 250m2 stort og urettferdig brettspel. Gidde du å vera Afrika?

Presseklipp