Tilbod om barnehagekurs
Vitengarden
Informasjon om barnehage kurs
Kursa krev ingen forkunnskap av deltakarane.
Tidsbruk: 3-4 timar
Pris: 3 - 400 kr pr. deltakar. Minimum 10 stk. pr. kurs.
Tidspunkt: Etter avtale.
Påmelding: h.m@jaermuseet.no tlf. 41474335
Stad: Vitengarden
Draga Berta
Med utgangspunkt i boka om Draga Berta vil deltakarane fåprøva ut eksperimenta frå boka. Draga Berta er ein liten handdokke drage som likar å gjera kjemieksperiment, til dømes er ho veldig flink til å spy rektig eld!. Gjennom historien blir barna introdusert for 10 ulike eksperiment som dei skal utføre saman med Berta og dei vaksne. Alle eksperimenta er ufarlege.
Kvardagskjemi
Kvar dag opplever me kjemi og kjemiske reaksjonar. Kurset viser deltakarane kor kjemien er i kvardagen. Kurset er lagt opp praktisk, der deltakarane sjølve får prøva ut dei ulike eksperimenta. Til dømes å lage ein vassblom, blåsa opp ballong med mikroorganismar, blanda farga sukkervatn slik at det blir til regnbogens fargar, laga is med saltblanding m.m.
Leik med teknologi
Saman med didaktiske diskusjonar og praktisk tilrettelegging av aktivitetar vil deltakarane sjølve få prøva ut alle eksperimenta som kan brukast saman med borna. Materialane er billige, eller det kan vera attbruksmaterial (papir, gummistrikk, mjølkekartongar m.m.). Døme på aktivitetar kan væra: leik med statisk elektrisitet, byggja ulike rakettar og å byggja leiker med ulikt material.
Biologisk mangfald, planter og dyr
På kurset vil deltakarane bli kjende med ulike planter og dyr som er i lokalmiljøet rett utanfor døra. Døme på plante eksperiment kan vera å bruka blad frå ulikee tre, eta mat frå ”den ville naturen”, laga tofarga blomar m.m. Døme på dyre eksperiment kan vera å finna ut kor skrukketrolla likar seg best, livssyklusen hjå frosken, skiva med fuglefjør, samla på dyrespor.
Bruk av GPS i barnehage
Å bruka GPS i barnehagen er ein måte for å bli kjent med ny teknologi. På kurset vil deltakarane få ein introduksjon til bruk av GPS, samt få prøva ut nokre funksjonar og dermed moglegheitene som ein GPS gjev. Det vil også bli ein gjennomgang av molege leikar og aktivitetar som GPS’en kan brukast til, til dømes gjømsel, skattejakt, turgåing m.m.
KOKKAR I FRILUFT
Uteskule. Mat og helse og fysisk aktivitet.
Kurset gjev deg idear og erfaringar med matrettar og fysiske aktivitetar. ”Dagsmenyen” er variera og blir retta mot ulike tema. Kurshefte følgjer med.
Tidsbruk: 3 timar
Målgruppe: Kommune, skular, barnehagar kan tinga kurs for personal.
Påmelding: Tlf. 45254817 / helene.larsen@jaermuseet.no









