Forskarfabrikken
Forskarfabrikken er ein eksperimentklubb som elevar kan nytta på fritida. Der kan dei forska og byggja ulike naturfaglege eksperiment som kan ha overføringsverdi til fagstoff som er pensum elles I skuletida.
Vi finn DNA I kvitløk, lagar tonadoflasker, eksperimenterar med tørris og mykje, mykje meir.
Praktiske opplyingar
Kursa blir gjennomført både i Sandnes, Randaberg og Gjesdal i løpet av 2009.
Kva kostar det å bli med?
Kr. 600 for 4 gonger
Kor bestillar ein?
Sandnes kommune ved Sigbjørn Stangeland tlf. 97965560 / ss@jaermuseet.no
Randaberg og Gjesdal kommune ved Hanne Madsen tlf. 41474335 / hm@jaermuseet.no
Kor gjennomfører ein kursa?
Forskarkursa 2 og 3 i Sandnes kommune blir på Vitenfabrikken.
Kursansvarleg: Hilde Ivesdal.
Forskarkursa i kommunane Randaberg og Gjesdal vil bli på sentrale skular.
Kursansvarleg: Hanne Madsen
Invitasjonar vil bli sendt ut til elevar via skular og / eller annonsera i lokalavisa.
Asteroidane
Asteroidane er barne- og ungdomsavdelinga til Stavanger Astronomiske foreining. Dei har samling annan kvar tysdag kl. 17.30 på Vitenfabrikken. Opplegget passar for barn og unge i alderen 10 – 18 år.









